Meir pengar til lokale kultur- no er det snart ny søknadsfrist

GR

GR Foto:

Huset i Bygda (HiB) har eit samarbeid med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og HiB fekk nettopp 800 000 kroner i gåvetilskot frå stiftinga.

DEL

- Dette er midlar som går til å vareta og vidareutvikla lokale kulturhus i Sogn og Fjordane, seier Christoffer Knagenhjelm, ansvarleg for Huset i Bygda, i ei pressemelding.

Gåva vil som før gå til bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus, og Huset i Bygda er ansvarleg for å ta i mot og handsama søknadane. Søknadsfristen vert som tidlegare 15. april.

Formålet med HiB er å hjelpa, støtta og inspirera alle organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane; ikkje berre kulturbygg eigd av eigne medlemmer.

Lagseigde kulturhus

I Sogn og Fjordane er det 400 lagseigde kulturhus. Sparebanken Sogn og Fjordane si eigarstifting såg tidleg at det var stor trong for støtte til bygningsmessige tiltak i dei mange kulturhusa i fylket.

– Leikanger kyrkjelyd fekk i 2019 50.000 kroner i støtte, i tillegg fekk Barsnes og Fresvik Ungdomslag i 2019 10.000 kroner i støtte til mindre tiltak, nemner Knagenhjelm som døme på kulturhus som har fått støtte tidlegare.

Gjennom å vera ein føreseieleg partnar for kulturhusa, kunne Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane bidra til å utløyse andre tilskot til dei lagseigde kulturhusa. I 2016 byrja eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga og Huset i Bygda om økonomiske tilskot til lokale kulturhus.

Viktig møteplass

Ordninga har vore svært viktig for å auka både merksemd om og standard på dei lagseigde kulturhusa. Kulturhusa er viktige møteplassar og er mykje brukt av alle generasjonar til sosialt samvære og variert aktivitet. Mange av husa treng etter kvart utbetring og ombygging. Dette arbeidet er kostnadskrevjande, og ein stor dugnadsinnsats frå eigarar og lokalsamfunn er avgjerande.

– Ein stor del av aktivitetsauken kan tilskrivast Huset i Bygda sitt arbeid med å rettleie eigarane av kulturhusa. Dei har òg vore ein viktig partnar med sin store kunnskap om aktiviteten og historia til kulturhusa i fylket, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

STAVØY: Stavøy grendahus i Kinn kommune.

STAVØY: Stavøy grendahus i Kinn kommune.

Glad for samarbeid

– Sparebankstiftinga er svært nøgd med det gode samarbeidet med Huset i Bygda, og har difor vedteke å gje dei ei gåve på 800 000. kroner. Dette er ein auke på kr 150 000 frå 2019, og er eit uttrykk for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt ønske om å vera ein føreseieleg partnar for lokale kulturhus i Sogn og Fjordane., går det fram i pressemeldinga.

– Eg er glad for denne tillitserklæringa – og at me kan halda fram det gode samarbeidet med Sparebankstiftinga, til det beste for kulturhusa i Sogn og Fjordane, seier Knagenhjelm.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken