Her er ei fersk oversikt frå Statens vegvesen.

Riksveg 13, Vik/Sogndal: Ferjeruteendring

På grunn av arbeid på Hella ferjekai vil det bli tre endringar i framkomst kvar dag. Dette gjeld avgangane: Vangsnes til Hella kl. 07.35. Hella til Dragsvik kl. 07.55. Vangsnes til Hella kl. 20.25.

Riksveg 13, Sogndal: Bondeviki – Fardal

Vegarbeid mellom klokka 07.00 til 19.00 måndag, tysdag og onsdag. Torsdag i tida 07.00 til 16.00. Stengt inntil 15 minutt ved sprenging. Lysregulering heile døgeret.

Riksveg 5, Sogndal: Nedrehagen

Vegarbeid, lysregulering

Riksveg 5, Sogndal: Valeberg (kryss) – Vikane. Retning Sogndal.

Vegarbeid mellom klokka 08.00 og 21.00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag og laurdag. Manuell dirigering. Kan i periodar bli ventetid inntil 20 minutt. Utrykkingskøyretøy slepp raskt gjennom.

Riksveg 5, Sogndal: Kaupangerskogen – Vekti

Vegarbeid mellom 07.00 og 18.00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag. Kan bli stengt i om lag 15 minutt på grunn av sprengingsarbeid.

Riksveg 5, Sogndal/Lærdal: Ferje Mannheller-Fodnes

Endra lastekapasitet. Redusert kapasitet på avgangen klokka 08.40 på grunn av farleg last.

Riksveg 5, Lærdal: Fodnestunnelen

Vegarbeid mellom klokka 23.00 torsdag til klokka 06.00 fredag. Manuell dirigering. Vent på ledebil. Om lag 20 minutt ventetid.

E16, Lærdal: Seltatunnelen – Borgundstunnelen

Vegarbeid mellom klokka 20.00 og 06.00 måndag, tysdag og onsdag. Torsdag mellom 20.00 og 03.30. Manuell dirigering. Vent på ledebil. Utrykkingskøyretøy kan passera på signal frå dirigent. Kolonne frå vest med avgang kvar heil og halv klokketime. Avgang frå aust kvart på og kvart over heil klokketime. Spesialtransport, kontakt 175.

E16, Aurland: Gudvangatunnelen

Vegarbeid mellom 20.00 og 06.00 onsdag og torsdag. Manuell dirigering. Vent på ledebil.

Kolonnetider frå Flåm: 21.15, 22.45, 00.15, 01.45, 03.15 og 04.45.

Kolonnetider frå Gudvangen: 20.30, 22.00, 23.30, 01.00, 02.30, 04.00 og 05.30.

Det er arbeid fleire stader i tunnelen som kan innebera venting.

E16, Voss: Sivletunnelen

Vegarbeid mellom klokka 20.00 og 06.00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag. Kontinuerleg ledebilkøyring. Kan bli stengt i periodar på inntil to timar.

Fylkesveg 55, Luster: Herva bru på Sognefjellet

Vegarbeid. Lysregulering. Planlagt ferdig torsdag klokka 18.00.

Fylkesveg 53, Årdal/Vang: Tyisbakken- Tyin høgfjellshotell

Vegarbeid. Fartsgrense 50 km/t. Lysregulering.

Fylkesveg 50, Aurland: Låvisberget

Vegarbeid mellom 07,00 og 18.00 torsdag og fredag.

Ventetid inntil 30 minutt. Utrykkingskøyretøy under utrykking og rutegåande trafikk kan passera.

Fylkesveg 50, Aurland: Stondalen

Vegarbeid mellom klokka 07.00 og 18.00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Ventetid inntil 15 minutt. Utrykkingskøyretøy under utrykking og rutegåande trafikk kan passera.

Fylkesveg 5600, Vik: Eitreneset-Flåsteinen

Vegarbeid, vegen er stengd mellom 08.00 og 20.30 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Laurdag mellom 08.00 og 19.30. Opningsperiodar kl. 11.30-1.2.00, kl. 15.15-15.45, og gjennomkøyring kl. 18.00 og 20.00. Utrykkingskøyretøy under utrykking, og rutegåande køyretøy kan passera på signal.

Fylkesveg 5633, Årdal: Seimsdalstunnelen

Vegarbeid mellom klokka 18.00 og 06:00 kvar dag fram til 3. oktober.

Frå klokka 1800–2000 er det gjennomkøyring kvar heil/halv time. Mellom klokka 20.00 og 2045 er det stengt. Mellom 20.45 og 2100 opent. 21.00-22.00 stengt. 22.00-22.15 ope. 22.15-06.00 stengt, gjennomkøyring klokka 23.15 og 00.15.