– Me har aldri tidlegare sett ei krise ramma så brått, så mange og så breitt

DRAMATISK: Sara Christine Johnsborg, leiar for Nav region Sogn, slår fast at arbeidsmarknaden i Sogn i første del av 2020 var i krise.

DRAMATISK: Sara Christine Johnsborg, leiar for Nav region Sogn, slår fast at arbeidsmarknaden i Sogn i første del av 2020 var i krise. Foto:

Nav oppsummerer første halvår 2020 som dramatisk.

DEL

– Når me oppsummerer 1. halvår på arbeidsmarknaden i Sogn kan me slå fast at dette historisk sett er utan sidestykke. Me har aldri tidlegare sett ei krise ramme så brått, så mange og så breitt. Oljekrisa og finanskrisa vert nesten bagatellmessige samanlikna med det me no har opplevd.

Det seier Sara Christine Johnsborg, leiar Nav region Sogn, i ei pressemelding.

Talet på heilt ledige har falle bratt nedover sidan toppen i mars, men det er likevel eit godt stykke att til ein normalsituasjon i ein region som tradisjonelt har svært låg arbeidsløyse, gjerne ned på 1 talet. Me noterer no 2,6 prosent ved utgangen av juni i eit fylke som samla har 4,6 prosent. Berre Nordfjord ligg under oss med 2,5 prosent, opplyser Nav.

– Når me ser framover ventar me at reduksjonen flatar ut og det vil ta tid før me er tilbake på normalen, seier Johnsborg.

Nasjonalt syner Nav sin prognose at ein må sjå framover mot slutten av 2021 før ein er i nærleiken av der ein var før pandemien, men dette er igjen heilt avhengig av om pandemien kjem underkontroll ikkje berre i Norge, men også globalt.

HEILT UTAN ARBEID: Grafen viser tal personar heilt utan arbeid i Sogn, januar-juni 2020.

HEILT UTAN ARBEID: Grafen viser tal personar heilt utan arbeid i Sogn, januar-juni 2020. Foto:

Oversikta frå Nav viser at koronakrisa har ramma dei ulike bransjane ulikt, noko som også har ført til at kommunane i Sogn har blitt ramma ulikt.

VERST I AURLAND: Kommunevis arbeidsløyseprosent ved utgangen av juni.

VERST I AURLAND: Kommunevis arbeidsløyseprosent ved utgangen av juni. Foto:

I april var 21,4 prosent (1 av 5) heilt utan arbeid i Aurland. Dette skuldast sjølvsagt Aurland sin tunge sysselsettingsdel knytt til reiselivsnæringa som saman med transportnæringa vart hardast råka mellom anna som følgje av nasjonale tiltak.

Situasjonen er no er mykje betre og Nav registrerer med glede at mange reiselivsbedrifter får godt belegg av norske gjester.

– For Aurland sin del kan dette berre delvis erstatta fullstendig bortfall av cruisetrafikken så langt i år, fortel Johnsborg.

FLEST LEDIGE I REISELIVET: Bransjane i Sogn med meir enn 10 personar heilt utan arbeid.

FLEST LEDIGE I REISELIVET: Bransjane i Sogn med meir enn 10 personar heilt utan arbeid. Foto:

Det er framleis reiseliv og transport som har flest ledige, men bransjen har samstundes hatt størst reduksjon sidan toppen i april, går det fram av pressemeldinga.

Sjå også fersk grafikk over permitterte grunna korona:


Artikkeltags