Ikkje noko vert så fort historie som gårsdagens avis, heiter eit gamalt utrykk. Enkelte saker og reportasjar fortener likevel eit lenger liv.

Det er eit utval av desse, dei som står øverst på lista over mest leste saker i året som gjekk, me no presenterer.

Sjølv om du ser ein pluss på saka, så er ligg den no open også for deg som ikkje er abonnent.

I februar fortalte me historia om 24 år gamle Inger Helgestad som mista sambuar Vegard i bilulukke på Hafslo hausten 2020. Ingen reportasjar har blitt lest meir enn denne i året som gjekk. Ni månader etter ulukka kom Vesle Grete til verda, også den saka gjekk rett heim hos Sogn Avis sine lesarar.

Les også

På fire sekund snudde livet for Inger (24), men lagnaden hadde meir i vente

Les også

Vesle Grete kom til verda ni månader etter pappa Vegard omkom i bilulukke

2021 er for oss i Sogn Avis året der me gledeleg kunne konstantera at dei unge lesarane har knytt seg til lokalavisa. Her syner lesartal at det først og fremst er hendingsnyhende som dreg denne gruppa inn, men også gode historier med unge kjelder set spor på statistikken. Slik som denne med 19 år gamle Markus Solberg som har funne sin veg til å koma seg opp og fram.

Det er ikkje tvil om at lesarane likar å lesa om hus, heim og bustad. Kvar søndag morgon har me presentert ei slik historie. Ei av perlene som har falle godt i smak er denne om eigedomen i Årdal som få kjenner til. Eller den om Sigrid og Sander som kjøpte seg småbruk.

Les også

Den mest eksklusive eigedommen i bygda er godt skjult og strengt vakta

Les også

Sigrid og Sander kjøpte småbruket dei alltid har ønska seg: – Må klypa meg sjølv i armen

Heile veka har me som mål å by på gode leseopplevingar, men når det er helg skal me ha noko ekstra til deg.

I dette knippet av reportasjar møter me folk som har opplevd lagnaden på det verste. At dei raust vil dela livet sine vonde sider, er både me og lesarane veldig takksame for. Å mista eit barn i krybbedød, ein ektemann og far i sjølvmord eller ei søster i tragisk ulukke.

Les også

Siv (32) og Terje (39) vil alltid mangla éin – Mia vart berre 1,5 år

Les også

Kari (42) og jentene stod åleine att då Erik tok livet sitt. No brenn ho for å hjelpa born i kriseråka familiar

Les også

Då sorga var som tyngst, opna familien døra: – Ingenting er feil å gjera eller seia, det verste har allereie skjedd

I haust kom ulike myndigheiter på bana og uroa seg for den auka bruken av narkotika i Sogn og spesielt i Sogndal. Saka der me møtte ein av dei unge brukarane, ein heilt vanleg ungdom i ein heilt vanleg hybelkvardag, fekk stor merksemd av lesarane.

Koronaen har prega året som gjekk på alle måtar. Ikkje minst i høve til nyhendebilete. Sakene har vore mange, både om smittetal og ulike lagnader. Den som vart mest lest av koronasaker i 2021 var knytt til utbrotet på Kaupanger.

Me avsluttar denne nyttårspakken med fire saker som speglar både glede og sorg, men som alle ligg på lista over mest leste saker.

Les også

Mirakelmannen

Les også

Gry (30) kom ikkje ut før ho flytta, men så gav ho sitt «ja» i heimbygda: – Følte meg litt åleine

Les også

Ambulansemannen Ove Elnar vart berga av sine eigne: – Det var nok meir spesielt for dei enn for meg

Den siste, om Marie-Helene og storesyster, sende også Sogn Avis inn i finaleheatet for beste feature-journalistikk i Amedia.

Les også

Marie-Helene saknar storesyster kvar einaste dag: – Bak smilet var augo heilt svarte

Biletseriar dukkar opp med ujamne mellomrom, både med dei me lagar av eigne bilete og der lesarane sender inn sine blinkskot.

Denne her er frå Lægreidsfesten og legg seg på lista over den dei aller fleste har kikka innom.

Bildeserie

Lægreidfest 2021

Og så fortener sjølvsagt Året sogning ein plass i ein slik kavalkade.

Les også

Årets sogning tok til tårene: – Eg er ingen tøffing