MC krasja inn i bil - to personar til sjukehus

BILBERGAR: Grunna opprydding på staden vart trafikken mot Lavik stengd ein periode.

BILBERGAR: Grunna opprydding på staden vart trafikken mot Lavik stengd ein periode. Foto:

Ein mann og ei kvinne er sendt til sjukehus, opplyser politiet.

DEL

FIRDA: Klokka 11.01 onsdag melde Vegtrafikksentralen at det hadde skjedd ei trafikkulukke i Noreviktunnelen på E39 mellom Vadheim og Lavik.

Ein motorsykkel og ein bil var involvert.

Politiet opplyste like etter at det var to personar på motorsykkelen og at dei hadde køyrt i bilen framfor. Politiet fekk meldinga klokka 10.56.

Etter kvart viste det seg at ulykka hadde skjedd utanfor tunnelen, ca. 50 og 100 meter frå opninga på Lavik-sida. Dei to på motorsykkelen var ein mann og ei kvinne i 50-åra.

Ulykka skjedde i ei 80-sone etter at personbilen framfor bråbremsa.

Personen som sat i bilen skal ikkje ha blitt skadd, men paret på motorsykkelen er sendt med ambulanse til sjukehus.

Bilbergar er no på staden, men vestgåande køyrefelt er stengd. Trafikken til Lavik blir difor dirigert via gamle E39. Dei som køyrer mot Vadheim kan køyre gjennom tunnelen.

Ole Marius Larsen var skadestadsleiar for politiet. Han opplyser at dei har ei formeining om kva som har skjedd, men vil ikkje kommentere dette ytterlegare.

Ifølgje politiet vil vegen opne for fri ferdsel om kort tid.

RYKTE UT: Alle naudetatane rykte ut då det kom melding om trafikkulykke ved Noreviktunnelen på E39. Leiar for politiet på staden var Ole Marius Larsen i Vest politidistrikt.

RYKTE UT: Alle naudetatane rykte ut då det kom melding om trafikkulykke ved Noreviktunnelen på E39. Leiar for politiet på staden var Ole Marius Larsen i Vest politidistrikt. Foto:

Tips Oss
Tlf: 990 82 381 E-post: redaksjon@sognavis.no

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken