FIRDA: Klokka 11.01 onsdag melde Vegtrafikksentralen at det hadde skjedd ei trafikkulukke i Noreviktunnelen på E39 mellom Vadheim og Lavik.

Ein motorsykkel og ein bil var involvert.

Politiet opplyste like etter at det var to personar på motorsykkelen og at dei hadde køyrt i bilen framfor. Politiet fekk meldinga klokka 10.56.

Etter kvart viste det seg at ulykka hadde skjedd utanfor tunnelen, ca. 50 og 100 meter frå opninga på Lavik-sida. Dei to på motorsykkelen var ein mann og ei kvinne i 50-åra.

Ulykka skjedde i ei 80-sone etter at personbilen framfor bråbremsa.

Personen som sat i bilen skal ikkje ha blitt skadd, men paret på motorsykkelen er sendt med ambulanse til sjukehus.

Bilbergar er no på staden, men vestgåande køyrefelt er stengd. Trafikken til Lavik blir difor dirigert via gamle E39. Dei som køyrer mot Vadheim kan køyre gjennom tunnelen.

Ole Marius Larsen var skadestadsleiar for politiet. Han opplyser at dei har ei formeining om kva som har skjedd, men vil ikkje kommentere dette ytterlegare.

Ifølgje politiet vil vegen opne for fri ferdsel om kort tid.