MC-førar til Haukeland etter velt

Mann i 60-åra frakta til sjukehus.

DEL

Naudetatane er på veg til Geiteryggstunnelen på fylkesveg 50 i Hol kommune på grensa mot Aurland. Vegtrafikksentralen opplyser at ein motorsykkel har velta. Ulukka vart meldt inn klokka 11.48. Politiet fortel at det er snakk om MC-velt med personskade.

Klokka 13.17 melder Vegtrafikksentralen at ulukka har skjedd like nord for Geiteryggstunnelen, ved Rossdøla. Vegen opna att ved 14.30-tida.

Klokka 15.30 opplyser politiet at mannen i 60-åra er frakta til Haukland universitetssjukehus.

– Det er for tidleg å seia noko om årsaka til ulukka, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit hjå Vest politidistrikt.

Det skal ikkje vera andre personar eller køyretøy innblanda i ulukka.

Artikkeltags