- UHELDIG SITUASJON: Me forstår mange er opprørte, skriv Anne Marie Jahr i Mattilsynet. (Illustrasjonsfoto)

Mattilsynet: - Me forstår at mange er sinte

To lam sette seg nyleg fast i grindane som er sette opp rundt saltsteinar for å hindra smitte av skrantesjuke. No melder Mattilsynet at dei vil jobba for å hindra fleire slike tilfelle.

Publisert 13.08.2019 kl. 18.46. Oppdatert kl. 18.52.

I ei pressemelding melder Mattilsynet at dei vil trappa opp tilsyna for å hindra fleire liknande hendingar. 


- I tillegg startar me straks opp arbeidet med å utbetra eventuelle feil ved grindanlegga. Me ser alvorleg på saka.


Det seier Anne Marie Jahr, seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet i pressemeldinga. 


- Veldig uheldig situasjon

Avisa Hallingdølen har skrive om og publisert bilete av korleis dyr har hengt seg fast i grindane.  


Mattilsynet opplyser at det er sett opp nær 700 grindar rundt saltsteinar for å hindra spreiing av den dødelege sjukdommen skrantesjuke. 


- Dette er ein veldig uheldig situasjon. Forbodet mot saltstein kom veldig seint med tanke på beitesleppet i området. Me har forsøkt å førebu næringa på at det kom, men forstår at mange er opprørte. Når det i tillegg viser seg at ikkje alle grindane som er sette opp for å hindra spreiing av smitte fungerer godt nok, forstår me at mange er sinte. Me gjer det me kan no for å betra situasjonen, seier Jahr.


Meir tilsyn

Det var førre veke at Mattilsynet vart varsla om at to sauer hadde sett seg fast i lause bardunar festa til grindane. 


Mattilsynet skriv at det ser dei svært alvorleg på dette og skriv at desse bardunane bvart sette på tidlegare i sommar for å forankra grindane betre. Mattilsynet opplyser i pressemeldinga at dei også har fått henvendingar om dyr som har kome seg inn i grindanlegg, men ikkje kome ut att. 


Dei skriv at dei umiddelbart starta å gjera naudsynte tiltak ved dei grindanlegga dei meiner kan utgjera ei fare for sauene og på den måten hindra at dette skjer igjen. I tillegg har tilsynsfrekvensen auka. Tidlegare i sommar har Mattilsynet ført tilsyn og vedlikehald med grindane via helikopter i 22 dagar. Etter meldingane som har kome inn, vil Mattilsynet auka tilsynsfrekvensen ut beitesesongen. 


Mattilsynet opplyser at smitten framleis ligg i terrenget i Nordfjella og viser til at i følgje den siste risikovurderinga frå Vitskapskomiteen for mat og miljø, utgjer salteplassane i Nordfjella stadene med mest smitte og sau på beitet utgjer den største risikoen for at smitten skal spreia seg. Det er bakgrunnen for at Mattilsynet har sperra av dei i underkant 700 salteplassane i Nordfjella.


Dekkjer utgifter

Mattilsynet skriv i pressemeldinga at dei har auka beredskapen internt slik at dei er ekstra tilgjengelege i resten av beitesesongen og kan reagera raskt ved melding om dyr som sit fast.


Utgifter knytt til oppfølging av dyrevelferdssaker vil bli dekt av Mattilsynet. 


Det heiter vidare i pressemeldinga at området Nordfjella er kjempestort med utfordrande terreng. Mattilsynet oppmodar alle som ferdast i fjellet til å bidra med å varsla Mattilsynet om det er noko som bør følgast opp. Det er då viktig å oppgje nummeret på grindanlegget, slik at ein kan finna att staden. 


- Bekjemping av skrantesjuke er nybrottsarbeid for Mattilsynet og på mange måtar må vegen bli til medan me går. Grindene har ein svært viktig funksjon i bekjempinga av denne dødelege dyresjukdommen, men me må læra av dei feila som har blitt begått under oppsettet av dei og gjera fortløpande justeringar dersom behov. Dette tek me alvorleg, seier Jahr i pressemeldinga.