Ljotelitunnelen på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Tyin er stengt grunna bommar som lukka seg.
Årsaka er ikkje kjent, melder Vegtrafikksentralen klokka 12.30 fredag.
Det står bommar på kvar side, men eit stykke unna sjølve tunnelen.
– Me har folk på saka for å finna ut kva som har skjedd. Me veit ikkje om det er ein teknisk feil i tunnelen eller noko anna, seier Andreas Herland ved Vegtrafikksentralen.
Feil inne i tunnelen kan utløysa stenging, men Vegtrafikksentralen har ikkje motteke alarmar på det.
Dei to bommane som er stengde står ved Timrebakkane og Holsbru.
SISTE: Klokka 14 vart tunnelen opna att.