Måtte hjelpa turgåar ned frå fjellet

Torsdag rykte Luster Røde Kors Hjelpekorps ut til Hurrungane.

DEL

– Ein turgåar vrikka foten ved Nordre Skagastølstind. Luftambulansen var oppteken, så me reiste ut med mannskap og fekk vedkomande ned, fortel Ove Fortun, hjelpekorpsleiar i Luster Røde Kors hjelpekorps.

– Dette var ikkje alvorleg, men eit rutinemessig oppdrag. Mannskapet gjorde ein kjempejobb.

Har det vore travelt for hjelpekorpset i Luster så langt i sommar?

– Nei, det har vore stille og roleg. Folk har stort sett halda seg til vegen. At det også har vore ein del dårleg vêr har nok spela inn på at ikkje så mange har gått på toppane.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken