Siste: Redningshelikopteret er framme ved dei to, og tar dei inn i helikopteret, opplyser politiet på Twitter klokka 19.26.
Laurdag kveld vart det sett i gang ein redningsaksjon då to personar hadde gått seg vill i fjellet.
– Dei har gått opp frå Fardalen, og finn ikkje vegen tilbake. Det er difor sett i gang ein redningsaksjon, seier operasjonsleiar Per Algrøy ved Vest politidistrikt til Sogn Avis klokka 18.49.
– Me veit posisjonen deira og det er sendt helikopter frå Florø til staden for å henta dei ned. Det er venta å vera framme klokka 19.15.
– Korleis er tilstaden til dei to?
– Dei skal ikkje vera skadde og har mat og drikke.
Politiet fekk melding om hendinga klokka 17.15.
Like før klokka 19.30 var dei to funne og tekne inn i helikopteret.