Gå til sidens hovedinnhold

Måtte fjerna takplate som hadde losna i tunnel

Ei takplate losna etter at eit køyretøy tok oppi taket i Bjørnabakktunnelen på Rv5 mellom Skei og Fjærland natt til tysdag.

Vegtrafikksentralen melder på Twitter natt til tysdag at eit køyretøy har vore oppi taket i tunnelen, noko som førte til at ei takplate losna frå taket.

Entreprenør rykte ut og fekk fjerna plata som hang ned mot vegbana.

Det er no fri ferdsel gjennom tunnelen.

Kommentarer til denne saken