Der var det like etter midnatt det kom melding om litt for høgt lydnivå på ein utandørsfest på Åberge.

– Patruljen avslutta den før dei måtte rett vidare til neste fest, den var i Leitevegen. Den vart dempa ned, seier Eivind Hellesund på Vest Politi sin operasjonssentral.

Rusa ung jente

Det var som meldt samla mykje ungdomar i sentrum. Klokka var ikkje meir enn 23.15 då dei kom over ei svært rusa ung jente i sentrum.

– 16-åringen vart tatt hand om av helsevesen og føresette vart varsla, seier Hellesund.

Ikkje så lenge etter var det ein 17 år gamal gut som politiet ville ha kontakt med.

– Han oppgav falsk personalia og la på sprang. Han vart innhenta av politiet og vist vekk frå sentrum.

Opne vindauge

Ein bilførar vart stogga då han køyrde rundt i sentrum med høg musikk og vindauga ope seint på natt.

Det synte seg at han heller ikkje hadde bilbelte på, så då vart det 1500 kroner i gebyr for det.