Mathias (18) signerte proffkontrakt med Sogndal i vinter – no er han klar for ny klubb

NY KLUBB: Mathias Sundberg (18) skal spela for Tromsdalen på lån resten av årets sesong.

NY KLUBB: Mathias Sundberg (18) skal spela for Tromsdalen på lån resten av årets sesong. Foto:

Den unge spissen reiser nordover.

DEL

Mathias Sundberg (18) signerte onsdag ein utlånsavtale med 2. divisjonsklubben Tromsdalen, gjeldande fram til 8. september i første omgang.

Den unge spissen skreiv proffkontrakt med Sogndal i vinter, men er førebels eit stykka unna kamptroppen til a-laget.

Dette kombinert med at klubbens andrelag ikkje veit når dei får spela kampar i 3. divisjon grunna koronapandemien, gjorde at både spelaren sjølv og Sogndal såg det fornuftig å ta eit utlån.

2. divisjon er eitt av tre nivå på herresida som får lov til å spela fotball – trass i låg smitte – difor reiser Sundberg no nordover.

Gode på utvikling

Tromsdalen er kjend for å vera ein klubb som er dyktig på utvikling av unge spelarar.

Den er nummer to-klubben i Tromsø, og fungerer ofte som ein veg inn i toppfotballen for dei som ikkje kjem gjennom det tronge nålauga i Tromsø IL.

Noverande Sogndal-spelar Tomas Kristoffersen blei henta frå Tromsdalen til Sogn i fjor sommar.

Artikkeltags