Mathias (18) har signert proffkontrakt med Sogndal

PROFFKONTRAKT: Mathias Sundberg har signert proffkontrakt med Sogndal Fotball. Her saman med sportsleg leiar i klubben Håvard Flo.

PROFFKONTRAKT: Mathias Sundberg har signert proffkontrakt med Sogndal Fotball. Her saman med sportsleg leiar i klubben Håvard Flo. Foto:

Sogndal Fotball og Mathias Sundberg har signert proffkontrakt ut sesongen 2022.

DEL

Det skriv Sogndal Fotball på si nettside tysdag ettermiddag.

Mathias har gått gradene i Sogndal Fotball, frå miniputt og no til A-laget.

– Det er veldig kjekt at me kan ynskja ein ny ung og lokal gut velkomen i A-lagsgarderoben. Mathias har hatt ei stor utvikling dei siste par åra med Sogndal 2 og G19-laget vårt. No tek han eit nytt steg, dette blir spennande, seier trenar Eirik Bakke.

Målsnik

18-åringen er ein spelar som scorar mykje mål.

– Mathias er ein målsnik, ein skikkeleg målskårar. Me har leita etter ein slik spelar, og Mathias har eit stort potensial til å utvikla dei ferdigheitene me er på jakt etter. Me treng ein målskårar som han i laget, seier Bakke.

Neste veke skal Mathias på samling med G18-landslaget på La Manga. Han fekk debuten med flagget på brystet i fjor haust, og skåra eit flott mål mot England.

– Mathias er utruleg dedikert. Du ser svolten i augo hans, han har ein "drive" etter å bli ein så god fotballspelar som mogleg. No er det opp til Mathias sjølv, han må gjera jobben, og gjer han det rett, kan dette bli veldig bra, seier trenar Eirik Bakke.

Artikkeltags