Tok sitt andre VM-gull med kokkelandslaget

Tonje Torvanger frå Sogndal er med i VM i kokkekunst, og har sikra seg to gull til no. (Pressefoto)

Tonje Torvanger frå Sogndal er med i VM i kokkekunst, og har sikra seg to gull til no. (Pressefoto)

Av

Torsdag blir det klart om samanlagtsigeren går til Noreg.

DEL

Kokkelandslaget senior tok sitt andre gull i VM, denne gong for sin kaldmat-buffet som blei presentert for dommarane tysdag morgon. - Me er sjølvsagt nøgde med to gull, men håper på ei bra plassering samanlagt òg. Det blir veldig tett i toppen, seier Tonje Torvanger frå Sogndal, medlem av Kokkelandslaget som no konkurrerer i VM i kokkekunst i Luxembourg. Konkurransen er lagt opp slik at kvart lag etter kvar konkurranse frå ein «valør», ut ifrå kor mange poeng dei har. - Det er fleire land som har to gull. På premieseremonien torsdag frå me vita kven som har den høgste poengsummen og vinn totalt.

- Intense dagar

Ifølgje pressemeldinga frå kokkelandslaget leverte kokkane i øvste klasse, og hadde også full kontroll på tida i gjennomføringa. - Det har vore nokre intense dagar her i Luxemburg. I den andre konkurransen var me vakne i over 30 timar i strekk for å levera tidleg om morgonen. Konkurransane gjekk for det meste etter planen og slik me hadde øvd på, men det dukkar sjølvsagt alltid opp utfordringar undervegs som me må løysa som eit lag, fortel Torvanger. Innsatsen blei løna med gull også i andre delkonkurranse i VM i kokkekunst. No er spenninga knytt til om samanlagtsigeren går til Noreg. - No er me spente på det endelege resultatet i morgon, seier Torvanger. Juniorlandslaget har også teke to gull til no. Kokkelandslaga består av 22 kokkar fra heile landet, med ein manager og to kapteinar. Culinary World Cup blir arrangert kvart fjerde år. Konkurransen er saman med Culinary Olympics dei to viktigaste konkurransane for dei norske kokkelandslaga. - Desse gode resultata frå VM er viktige å ta med seg i vidare førebuingar mot vårt neste mål som er Culinary Olympics i 2020, seier kaptein for kokkelandslaget Christer Rødseth, i ei pressemelding.

Artikkeltags