Kokkelandslaget tok bronse

Kokkelandslaget senior, med mellom anna Tonje Torvanger (t.v.), tok bronse i VM. (Foto: Espen Wasenius)

Kokkelandslaget senior, med mellom anna Tonje Torvanger (t.v.), tok bronse i VM. (Foto: Espen Wasenius)

Av

Tonje Torvanger og resten av kokkelandslaget fekk bronse samanlagt i VM i Luxembourg.

DEL

Torsdag vart samanlagtresultata kjende etter at begge kokkelandslaga hadde gjort det bra i delkonkurransane tidlegare i veka.Både senior- og juniorlandslaget vart løna med bronse samanlagt, går det fram av ei pressemelding frå Kokkelandslaget.Tonje Torvanger er del av seniorlandslaget, som i to delkonkurransar presterte så godt at dei fekk gullmedaljar i desse tevlingane. Fleire land leverte også gull-prestasjonar.- Pallplass var eit mål og det greidde me, så me skal vera nøgde med prestasjonen. Senior kokkelandslaget har ikkje vore på pallen sidan 2012, så me har teke eit steg i riktig retning, seier Tonje Torvanger.

 

Svært tett mellom laga

Kokkelandslaga har levert på eit veldig høgt nivå under alle sine konkurransar i VM. Den største spenninga desse dagane har vore at Sverige, Sveits, Singapore og Østerrike alle har levert svært gode prestasjonar, og har vore Noreg sine største konkurrentar i dette VM.Det var svært tett mellom alle desse laga i begge konkurransane. Sverige vann tilslutt samanlagt framfor Singapore i seniorkonkurransen. I konkurransen for juniorlag blei det Austerrike som vann føre Sveits og Noreg.Torvanger fortel at dei låg 2,5 poeng bak førsteplass, altså ikkje snakk om mykje.- Eg vil seia at eg har eit konkurranseinstinkt over gjennomsnittet, og eg tenkjer eg treng ei god veke på å la det synka inn og forstå at det er eit bra resultat. Me sit att med mykje lærdom og ein konkurranseerfaring rikare, og ser allereie kva me kan gjera for å ta eit steg vidare, seier Torvanger.No ser ho fram til ein månad fri frå landslaget og berre fokusera på jobb og julebordsesongen.

Kårar vinnar med poengsystem

Slik blir samanlagtvinnaren kåra: Alle laga startar med 100 poeng i kvar konkurranse, og så trekkjer dommarane frå poeng dersom dei har noko å trekka for. I kvar konkurranse kan laga oppnå gull, sølv eller bronse etter å ha oppfylt visse kriteria. Endar dei på 70-79,99 poeng får dei bronse, 80-89,99 poeng gir sølv, og 90-99,99 poeng gir gull. Laget med høgast samla poengsum vinn. Dersom eit lag får tre «svake» gull og eit sølv, kan difor eit lag med to «sterke» gull og to sølv gå forbi og vinna konkurransen.Seniorlaget består av Tonje Torvanger, Håkon Solbakk, Kåre-Andre Hjartholm, Kjell Patrick Ørmen Johnsen, Henrik Falkensten, Jan Erik Hauge og Christer Rødseth (kaptein). I tillegg til desse har Elisabeth Måseidvåg Olsen, Kristoffer Westvik Lofsnes, Jonas Nåvik og Vibeke Thomassen delteke i laget sine førebuingar og arbeid fram til finalane i VM.

Artikkeltags