Pinnekjøt frå Sogndal heilt til topps

TIL TOPPS: Pinnekjøt frå Nortura i Sogndal gjekk til topps i blindtest. (Arkivfoto)

TIL TOPPS: Pinnekjøt frå Nortura i Sogndal gjekk til topps i blindtest. (Arkivfoto)

Av

Pinnekjøtet frå Gilde tok førsteplassen i konkurransen «Årets pinnekjøt» arrangert av Nores.

DEL

Sist veke vart den årlege pinnekjøttesten gjennomført i Bergen. Det var fem kjøtleverandørar som var inviterte til å delta, og Gilde stakk av med sigeren. Dei andre leverandørane som deltok, var Idsøe, Brødrende Ringstad, Brakstad og Grilstad, går det fram av nettsidene til Nortura.- Det er ei stor anerkjenning for oss i Nortura Proff - og ikkje minst til våre dyktige folk i Sogndal som produserer Gilde pinnekjøt, seier Morten J. Fossmo i Nortura Proff.Konsernplanleggjar Unn Sjøthun Uglane ved Nortura Sogndal fortel at dei vart veldig glade då dei fekk meldinga frå gjengen som var tilstades på pinnekjøtsmakinga.- Denne prisen sit høgt hjå oss. Det er alltid spanande å få tilbakemeldingar på årets pinnekjøt.Nores, som arrangerte pinnekjøtsmakinga, er ein medlemseigd innkjøpsorganisasjon for hotell og restaurantar i Noreg og Sverige.

Artikkeltags