Tindved frå Lærdal Grønt kåra til "årets grønne"

SATSAR PÅ SUPERBÆR: Marco Neven tok sjansen og satsa utradisjonelt. Fem år seinare er han landets største produsent av tindved, trendbæra som meisterkokkane elskar. No har han fått matbransjens Oscar for innsatsen. (Arkivfoto)

SATSAR PÅ SUPERBÆR: Marco Neven tok sjansen og satsa utradisjonelt. Fem år seinare er han landets største produsent av tindved, trendbæra som meisterkokkane elskar. No har han fått matbransjens Oscar for innsatsen. (Arkivfoto)

Av

Tindvedprodusent Marco Neven i Lærdal henta heim prisen for «årets grønne» i finalen i Stavanger fredag.

DEL

Juryen skriv dette om tindveden: "Vinneren har en konsentrert, ren og klar smak med tydelig særpreg. Produktet har en nydelig karakteristisk farge som kan sette spennende farge- og smakspreg på en mengde retter. Produksjonen er unik i Norge og dette er et produkt dommerne ønsker å se mer av i fremtiden."

Det er andre år på rad at Lærdal Grønt vinn denne prisen. I fjor vann dei same pris med produktet Lærdals Beste Bringebær.

Som Oscar

- Dette er matbransjens svar på Oscar, så det er ei stor ære berre å vera nominert. Det sa Marco Neven til Sogn Avis då det var klart at han, som er landets største produsent av tindved, hadde sikra seg finaleplass i Det Norske Måltid.Neven er saman med Siri Bøthun i Fresvik dei to tindvedprodusentane som leverer tindved til Lærdal Grønt.

Mange å takka

I ei pressemelding frå Lærdal Grønt går det fram at Neven vil takka Lerum som starta tindvedprosjektet i 2013 saman med Nofima og andre aktørar. Lerum trekte seg etter kvart frå prosjektet, og arbeidet med å skaffa andre kundar starta.

Oliver Prøven frå Njøs næringsutvikling og Francis Linn frå Bama trading har vore viktige i dette arbeidet. Dag Røen hjå Graminor på Njøs har vore viktig for dyrkingsrettleiing og val av sortar medan fylkesgartnar Torbjørn Takle hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var viktig for å få på plass naudsynt finansiering i oppstarten.

- Til slutt må eg sjølvsagt takka alle storkjøkenkundane våre som har handla tindved hjå oss, seier Neven.

Tindved veks vilt på havstrad langs kysten frå Trøndelag til Troms. Dyrking av tindved er vanleg både i andre europeiske land og i Asia. Lærdal Grønt formidlar «tindved frå Sogn», som einaste grøntmottak med norskdyrka tindved i sitt sortiment, opplyser Lærdal Grønt.

Bæra er saftige og friskt syrleg, med ein fyldig og særprega aroma. Ein liten porsjon bær kan setja ein nydeleg farge og eit framifrå smakspreg på ein mengde rettar, skriv Lærdal Grønt om bæret.

Må ha tolmod

- Dette er fyrst og fremst kjekt for Marco og Siri, som har hatt ei utruleg tolmod med dette produktet, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt.

- Denne prisen syner at det går an å lukkast med produktutvikling dersom ein er tolmodig, seier Mundal i pressemeldinga. Han framhevar at det er vitkig å ha nok tid, dei rette personane og økonomiske muskalar til å klara ventetida fram til ein lukkast med eit nytt produkt.

- Dette har me klart å få til i samarbeid med desse produsentane, med god støtte frå dei gode hjelparane som Marco nemner, seier Mundal i pressemeldinga.

Artikkeltags