Kari (72) kan få presisjetung pris

GODE TRADISJONAR: Kari Støfringsdal (t. v.) er nominert for sitt lange arbeid med å formidla mattradisjonar. Her frå eit kurs i hellekakebaking i Lærdal i 2017.

GODE TRADISJONAR: Kari Støfringsdal (t. v.) er nominert for sitt lange arbeid med å formidla mattradisjonar. Her frå eit kurs i hellekakebaking i Lærdal i 2017.

Av

Vidarefører arven etter Ingrid Espelid Hovig.

DEL

Kari Støfringsdal frå Jølster er ein av fem kandidatar til Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris, som blitt ei særs ettertrakta utmerking i heile det norske matfaglege miljøet.

Ein av fem

Av 23 kandidatar, vart husstelllærar og forfattar Kari Støfringsdal peika ut som ein av fem finalistar som skal stemmast fram av folket og ein kompetent fagjury. Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris handlar om mykje meir enn mat og heng særs høgt i fleire faglege krinsar. Prisen er i namnet åt den folkekjære matformidlaren som gjekk bort i fjor og dessutan også til ære for entnolog Astri Riddervold, begge unike formidlarar av norsk mat og mat.- Prisen skal gå til ein person som vidarefører arven etter deira virke, heiter det.

Lang røynsle

72 år gamle Kari Støfringsdal er velkjend her i heimfylket og har lang erfaring som kurs-og foredragshaldar i mattradisjonar. Ho er ein av forfattarane av Fjordamat- kokebøkene for Sogn og Fjordane, og fleire andre bøker om tradisjonsmat. i 2014 vart ho tildelt Sogn og Fjordane sin Fylkeskulturpris. Det er spesielt Kari Størftingsdal sitt bidrag til arbeidet med mattradisjonar i Norges Bygdekvinnelag som vert trekt fram i nominasjonen, ettersom bygdekvinnene i fjor vart akkreditert av UNESCO som rågjevande organsiasjon for formidling av tradisjonsmat i Noreg. Kari Størfringsdal sin innsats for å følga opp dette, vert sagt å vera ein viktig faktor for at Norsk Bygdekvinnelag fekk denne UNESCO-statusen.

Tøff konkurranse

Dei fire andre kandidatane er matformidlar og reineigar Maret Ravdna Buljo, Per A. Borglund, redaktør i Norges største matmagasin Mat fra Norge, restauranteigar og kokk Heidi Bjerkan og matblokkar Trine Sandeberg, som står bak Trines matblogg. Det er stiftinga Matmerk som deler ut prisen, som er eit stipend på 30.000 kroner. Utdelinga går føre seg i samband med fagdagen i Oslo 13. november, og fagjuryen sine stemmer tel likt med folket sine.

Artikkeltags