Me et meir lokalmat, vegatar og overskotsmat

Av
DEL

Meir bevisste forbrukarar førte i 2019 til auke i sal av vegetar, lokalmat og overskotsmat. Det skriv butikk-kjeda Meny i ei pressemelding. Dei opplyser at dei også kutta i matsvinn og plast i fjor. Salet av veganske og vegetariske produkt i Meny auka i 2019 med 46 prosent i høve til året før. Til dømes blei det i fjor sommar selt dobbelt so mange vegetarburgere som året før. Sjølv før jul, då nordmenn handlar tradisjonelt, auka salet av veganske og vegetariske produkt betydeleg.- Me selde meir nøttesteik denne jula enn nokon gong før. Interessa er framleis størst blant yngre, og mest i storbyane, seier kommunikasjonssjef Nina Horn Hynne.

Lokalmat

Også lokale matprodukt er blitt meir trendy.- Folk er meir opptekne av kor maten kjem frå. Dei vil ha varer med lokal identitet, unike historiar og gjerne støtta lokalt næringsliv. Denne trenden trur me vil styrkja seg i åra som kjem. Me jaktar heile tida på nye, unike norske matskattar, sier Horn Hynne.

Artikkeltags