Ciderhuset nominert til gjæv pris

NOMINERT: Ciderhuset /Balholm, her ved Gard Eitungjerde Høyvik, er nominert til Årets lokalmatgründer 2019. (Arkivfoto)

NOMINERT: Ciderhuset /Balholm, her ved Gard Eitungjerde Høyvik, er nominert til Årets lokalmatgründer 2019. (Arkivfoto)

Av

Juryen har funne seks finalistar til prisen Årets lokalmatgründer 2019. Mellom dei er Ciderhuset i Balestrand.

DEL

Årets konkurranse har fått nærare 30 nominasjonar med stor breidde i bedriftstype og med mange hardtarbeidande kvinnelege og mannlege gründarar i førarsete, går det fram i ei pressemelding frå Hanen, som står bak kåringa.

Balholm

Dei seks finalistane er: Ostebygda, Hol, HallingdalGarden Oppheim, Ål, HallingdalDrikkeprodusenten Balholm/Ciderhuset i SognStølsvidda/Fjellgris frå ValdresSiderprodusenten Bleie gard frå HardangerLofoten SeaweedJuryleiar Hilde Charlotte Solheim uttaler dette om korleis juryen plukka ut dei seks finalistane:- Juryen har merka seg at me ser ei fin utvikling og kvalitetsheving innan etablerte kategoriar som kjøt og ost og ein vekst av nye, spennande produkt, som krydder, salt og foredla nisjeprodukt. Me ser også ein stor bevegelse innan drikkevarer, både øl, sider, brennevin og alkoholfritt.

50.000 kroner

Dei nominerte representerer stor breidde både geografisk og i korleis dei har spissa satsinga si. Vinnaren blir presentert under opninga av Dyrsku´n i Seljord 13. september og får prisen på 50.000 kroner. Avstemminga skjer i løpet av august på nettsidene til Hanen. Årets lokalmatgründer er eit samarbeid mellom Meny og organisasjonen Hanen, som er ein næringsorganisasjon for bygdeturimsme, gardsmat, innlandsfiske og innlandsbåtar.

Artikkeltags