Martin Ove Roseth (21) er klar for Sogndal Fotball

KLAR: Martin Ove Roseth har signert avtale med Sogndal Fotball.

KLAR: Martin Ove Roseth har signert avtale med Sogndal Fotball. Foto:

Sogndal Fotball og Molde Fotballklubb er samde om ein overgang for forsvarsspelar Martin Ove Roseth.

DEL

Martin Ove Roseth og Sogndal Fotball har signert ein avtale som går fram til 31. desember 2022, skriv Sogndal Fotball på sine nettsider.

Godt kjent med klubben

Martin Ove er ein rask spelar med god venstrefot. Han var med Sogndal IL i mesteparten av fjorårssesongen på to låneopphald frå Molde. I fjor spelte han 19 kampar i kvitedrakta.

– Me er veldig glade for at Martin Ove kjem tilbake til oss. Han gjorde det veldig bra då han var hjå oss i fjor, og var ein spelar med har ønskt oss med vidare, seier Håvard Flo i pressemeldinga.

Passar godt inn i profilen

– Med Martin Ove inn har me komplementert troppen, og han er ein spelar me kjenner godt frå før, seier trenar Eirik Bakke, som meiner Roseth er ein fin, lokal gut som passar godt til Sogndal sin profil.

Molde blir også i år ein kandidat til å vinna Eliteserien, og har starta sesongen sterkt. Det er stor konkurranse om plassane på laget, og difor vel no Martin Ove spela i ein klubb der han får meir speletid.

– Martin Ove hadde fleire alternativ, men for han var Sogndal eit førsteval, seier Flo.

– Eg er veldig glad for at me kan henta nok ein ung, svolten spelar som Martin Ove, og ser fram til at me kan vera med på å utvikla han vidare her hjå oss dei neste åra, seier Bakke.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken