Marte (15) spelar helst fotball – men i helga leverte ho eitt løp heilt i noregstoppen

GULL: Marte Hovland (15, i midten) sprang til gull og den tredje beste tida i sin klasse nokon gong på 1500 meter under Pingvinleikane i helga.

GULL: Marte Hovland (15, i midten) sprang til gull og den tredje beste tida i sin klasse nokon gong på 1500 meter under Pingvinleikane i helga. Foto:

Det går an å vera god også utan ball.

DEL

Marte Hovland (15) frå Vik markerte seg verkeleg under friidrettsstemnet Pingvinleikane i helga.

Ho deltok på 1500 meter i klassen for jenter 14 til 17 år, og slo til med eit resultat av dei sjeldne.

Hovland var først over målstreken på tida 4.46,84, og i følgje kondis.no er det berre registrert ei raskare tid i denne klassen ved to høve tidlegare.

– Løpet var gøy, og tungt, seier Hovland til nettstaden, og legg til at ho hadde god kontroll med farten heile vegen.

Mest fotball

15-åringen spelar mest fotball som del av det gode damemiljøet i Vik, men er også med på ein del friidrettsstemner.

Hovland blir trent av pappa Robert Hovland, som fortel at ho likar fotball best, men at ho også tykkjer det er kjekt å vera med på konkurransar i friidrett.

Dei har førebels ikkje teke stilling til kva idrett ho skal satsa mest på framover.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken