Sogn Avis har gjennom hausten hatt gåande ei fototevling der lesarane har blitt oppmoda om å senda inn bilete av hausten. Responsen har vore stor og kring 500 bilete har kome inn anten på e-post eller på instagram-kontoen vår med taggen #sahaust2020.

– Heilt tilfeldig

Hausten i Sogn har vore både fargerik og lang. Me har fått mange flotte naturbilete frå både fjord og fjell. Variasjonen har vore stor. Eitt av bileta som vert premierte er teke i Luster av ein fotograf frå Fresvik.

– Dette bilete vart til heilt tilfeldig, fortel Marianne Bøthun. Ho tok ferja frå Solvorn til Ornes. Skodda låg lågt i fjordlandskapet, og snøen hadde kjempa seg godt nedover fjellsidene.

– Det var eigentleg ein grå og trist haustdag, men ferjereisa vart likevel ei oppleving. Eit brurepar var med, og vart fotograferte etter alle kunstens reglar under overfarten. Då fotoseansen var over vart paret ståande att framme på ferjedekket. Eg nytta då sjansen til å ta eit bilete av dei. Eg tykte motivet rett og slett var vakkert, seier Marianne Bøthun, som ikkje anar kven brureparet var.

Kjærleik

Ho døypte biletet Kjærleikens ferjereiser, og sende det til Sogn Avis.

– Henta du inspirasjon frå Edvard Hoem-romanen då du gav bilete namn?

– Nei, det tenkte eg ikkje på. Tittelen sa seg sjølv, seier Bøthun, som ikkje har noko forhold til romanen «Kjærleikens ferjereiser» av Edvard Hoem som kom ut i 1974 og vart tildelt Kritikarprisen og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Bøtun er ein ivrig hobbyfotograf, og leitar etter gode motiv.

– Eg tek bilete i vilden sky. Stemningar, fargar, ting og personar er motiv eg likar å a ta bilete av, seier Bøthun, som får fem flaxlodd i posten.

Stemning

Lisbeth Johanna Bringebøen frå Luster får også premie i form av fem flaxlodd frå Sogn Avis. Ho brukte taggen #sahaust2020 på Instagram då ho serverte dette nattbilete i haust.

Bildeserie

Hausten