Gå til sidens hovedinnhold

Manuell dirigering mellom Sogndal og Kaupanger

Steinraset som gjekk seint laurdag kveld gjer at eitt felt framleis er stengt mellom Sogndal og Kaupanger, melder Vegtrafikksentralen.

– Det er manuell dirigering på staden framleis, seier trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad klokka 7:15 søndag morgon.

Han trur dei ventar til det vert lyst før dei avgjer om vegen skal opnast heilt.

Les også

Skred mellom Sogndal og Kaupanger: – Veit ikkje om me kjem oss gjennom i kveld

Kommentarer til denne saken