Manuell dirigering etter steinras

STENGJER VEGEN: To store steinblokker stengjer vegen, og ein avventar geologiske undersøkingar før ein opnar vegen att.

STENGJER VEGEN: To store steinblokker stengjer vegen, og ein avventar geologiske undersøkingar før ein opnar vegen att. Foto:

Fylkesvegen er opna att.

DEL

Fylkesveg 5602 mellom Vangsnes og Feios var stengd grunna eit mindre steinras torsdag morgon, melder Vegtrafikksentralen.

Lokalkjende opplyser at raset kom ned like utom Riskjosvingen.

Vakthavande på Vegtrafikksentralen fortel at det har kome ned to store steinar som dekkjer halve vegbana.

Geolog blei kalla ut og var på staden i 11-tida.

Torsdag ettermiddag er vegen opna att, men det er manuell dirigering på staden.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken