Gå til sidens hovedinnhold

Manngard i natt var resultatlaus – held fram søket etter sakna mann

Artikkelen er over 1 år gammel

Leitemannskap har enno ikkje greidd å finna mannen som blei meldt sakna i Balestrand fredag, skriv avisa Firda.

Laurdag morgon er alle frivillige dimitterte, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til Firda.

Røde Kors, tre ekvipasjar med redningshundar, redningshelikopter og politi hadde då leita etter mannen. Redningshelikopteret vart tidleg sett på bakken fredag på grunn av mørket. Men dei andre søkte vidare.

Etter først å ha søkt i terrenget over Balestrand sentrum, på skogsvegar, løyper og turstiar opp mot Raudmelen-området, gjekk dei natt til laurdag også manngard langs fjorden.

Mannen blei meldt sakna fredag etter at dei nærmaste ikkje hadde høyrt frå han sidan onsdag. Han var ikkje å finna heime i bustaden sin.

I løpet av morgonkvisten laurdag kjem ei ny gruppe frivillige for å starta nye søk, seier Kolltveit til Firda. Det er laurdag føremiddag uvisst kor mange som blir med, eller når nye søk vert starta opp.

Les også

Leiteaksjon etter sakna person – vil halda på utover natta

Kommentarer til denne saken