Mann tiltalt for seksuelle overgrep i 14 år

Av

Ein mann i 50-åra er tiltalt for fleire seksuelle overgrep mot fleire jenter under 14 og 16 år, samt valdtekt av ei kvinne som no er i 30-åra.

DEL

Mannen er tiltalt for ei rekke seksuelle overgrep mellom 2004 og 2018.

Han er også tiltalt for å ha oppbevart bilete og videoar på PC og mobil av seksuelle overgrep mot barn, ifølgje tiltalen.

Mannen er opphavleg frå Innlandet, men dei fleste overgrepa gjeld forhold begått fleire stader på Vestlandet.

Totalt er det fem fornærma i saka, der dei fleste seksuelle overgrepa, frå 2006 til 2010 blei utført mot ei jente som var tolv år gamal då dei første overgrepa fann stad.

Overgrepa dreiar seg om både vaginalt samleie og oralsex. Den unge jenta blei ifølgje tiltalen også tvungen til å filma seg sjølv medan ho utførte seksuelle handlingar på ordre frå mannen og deretter sende han filmane.

Som følgje av overgrepa utvikla ho posttraumatisk stressliding, sterk traumeangst, hukommelse- og konsentrasjonsvanskar og behov for langvarig behandling, heiter det i tiltalen.

Også to jenter på 14 og 16 år blei utsette for seksuelle overgrep frå mannen.

I 2004 blei ei då 20 år gamal kvinne tvungen til oralsex på ein rasteplass i Innlandet og i 2018 skal mannen ifølgje tiltalen ved fleire tilfelle ha tatt av dyna til ei jente som første gang var berre sju år, og sett på henne. Denne handlinga er å sjå på som seksuelt krenkjande eller annan uanstendig åtferd.

Saka kjem opp for Sogn og Fjordane tingrett 7. september.

(©NTB)

Artikkeltags