Mann omkom på Rallarvegen, årsak til ulukka ikkje funne

Publisert 17.09.2019 kl. 15.24.

- Me veit enno ikkje kva som er årsaka til at ulukka skjedde, seier tenesteleiar for politiet i Årdal, Magne Knudsen til Firda.


Laurdag 31. august omkom ein mann på 40 år.


- Han vart så hardt skadd at livet ikkje stod til å redda, seier Knudsen til Firda.


Mannen hamna utfor vegen i ein sving og blei funne om lag 10 til 15 meter lengre ned ei skråning. Det var ingen vitne til ulukka, men ein annan i reisefølgjet høyrde eit skrik.


- Me har gjort tekniske undersøkingar av sykkelen. Me fann ingen feil på den med tanke på bremsane og andre ting, seier Knudsen til Firda.


Politiet ventar no på prøvar som mellom anna kan seia noko om mannen var sjuk då ulukka skjedde.


Siste saker Gå til framsida