Naudetatane fekk like før klokka 22 melding om ei trafikkulukke på RV 13 ved Tunsbergtunnelen. Tunnelen ligg mellom Voss og Granvin. Ein motorsykkel med førar var involvert i ulukka.

Det vart i sett i verk livreddande førstehjelp, men føraren vart erklært død på staden.

I ei pressemelding skriv Vest politidistrikt at den omkomne er ein 63 år gamal norsk mann som ikkje er heimehøyrande i distriktet.

Ifølgje BA skal ulukka ha skjedd då tunnelen var stengt på grunn av bilberging og motorsyklisten køyrde inn i bommen.