Gå til sidens hovedinnhold

Mann kasta ting, ropte og skreik

Klokka tre natt til tysdag fekk politiet melding frå ein bebuar i Kvernhaugen i Høyanger. Ein mann i 30-åra kasta ting ut av ei leilegheit, og det vart meldt om høge rop og skriking. Dette skal ha gått føre seg i over ein halvtime.

Politi og ambulanse kom på staden og melde etter ein knapp time at dei hadde fått kontroll på vedkomande.

Mannen hadde også kniv, men brukte den ikkje til å trua med. Ingen vart skada, men mannen vart sendt til legevakta i Førde, og deretter sett i varetekt.

Kommentarer til denne saken