– Det har vore ei roleg natt der oppe, ser det ut som, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt søndag morgon.
Han finn likevel noko når han leitar gjennom loggen.
Klokka 03:49 kom politiet over eit køyretøy ved Circle K i Sogndal som dei ville sjekka nærare.
– Førar hadde utslag på alkometeret.
Føraren, ein mann i 20-åra, blei teken med til ein blåseprøve på politikontoret og førarkortet vart beslaglagt.
– Det skulle også visa seg at det var bruksforbod på køyretøyet så det vart også avskilta.
I Sunnfjord, nærare bestemt Dalsvegen, rykte politiet ut til eit trafikkuhell laurdag kveld klokka 23:25. Ein bil hadde køyrt borti ein mur.
– Det gjekk bra med førar, han var uskadd, men han stod fram som ikkje edru. Politiet tok kontroll og førar blåste i alkometeret. Førarkortet vart beslaglagt og bilen er henta av bilbergar, seier Dahl-Michelsen.