Klokka 02:10 observerte politipatruljen i Sogndal ein rusa mann i 20-åra i Parkvegen. Den unge mannen kom berande med to skilt og ei potteplante.

– Han fekk beskjed om å leggja frå seg både plante og skilt, men det ville han ikkje, fortel Frode Kolltveit hjå politiets operasjonssentral.

Personalia ville han heller ikkje gje frå seg. Historia enda med at han vart vist vekk frå Sogndal sentrum til klokka 08:00 søndag morgon.

– Han var ikkje skada, og i stand til å ta vare på seg sjølv.

– Men ikkje i stand til å ta vare på planten og skilta?

– Han vart sendt heim utan tinga.

– Veit de kvar det kom frå?

– Det stod det ingenting om, men eg reknar med patruljen har hatt dialog med vedkomande om det.