Mangla lys-førar meld til politiet

Statens vegvesen gjennomførte kontroll ved rv5 Kaupanger og rv55 mot mellom Sogndal og Leikanger torsdag.

DEL

I alt vart det observert 177 førar for beltebruk, der alle nytta bilbelte.

– Dette er svært gledeleg, heiter det i kontrollrapporten.

Hadde ikkje alt på stell

Det vart også vinka inn personbil/varebil med tilhengjar og traktor med tilhengjar. Her vart ein førar meld til politiet fordi baklys, bremselys og retningslys mangla på tilhengjaren.

I tillegg vart det gitt tekniske manglar på lys som var defekt framme eller bak på bilar og tilhengjarar. Nokre av desse fekk også beskjed om å ordna lys før vidare køyring.

Ein førar fekk også gebyr for dekk som var under minimumsgrensa på 1,6 mm, går det fram av kontrollresultata.

Oppmodar om å sjekka lysa

Sjølv og det no går mot lysare tider og me køyrer lenger i dagslys er det viktig at hovudlys/køyrelys er tent, samt at baklys, bremselys og retningslys er i orden, dette gjeld spesielt tilhengjarar, oppmodar vegvesenet.

Så me oppfordrar alle om å ta ein runde rundt køyretøya for å sjekka at dette er i orden før me legg ut på tur. Hugs på at me gjer dette for at andre trafikantar skal sjå og forstå kva me foretek oss i trafikken, heiter det i kontrollkommentaren frå vegvesenet.

Artikkeltags