Mange permitterte er tilbake i jobb i juli

– Talet på permitterte i Vestland fylke er redusert med 4.390 personar frå juni.

DEL

Det seier fungerande direktør for NAV Vestland, Bjarte Hysing-Olsen i ei pressemelding.

– Dette er ein konsekvens av aukande aktivitet i fleire av bransjane som var hardast råka. Samstundes ser me at talet på heilt ledige er stabilt, med ein svak auke på 337 personar noko som ikkje er uvanleg i juli månad.

I Vestland er arbeidsløysa no 4,7 prosent mot 4,6 prosent i juni. På landsnivå er arbeidsløysa på 4,9 prosent.

– Samla sett ser me same utviklinga i Vestland fylke som på landsnivå. På Vestlandet elles noterer Rogaland ei arbeidsløyse på 4,9 prosent og Møre og Romsdal 4,2 prosent. Oslo ligg høgast med 6,7 prosent og i den andre enden finn me Nordland med berre 3,2 prosent, fortel Hysing-Olsen.

Som ein følgje av at mange permitterte er tilbake i full jobb fall talet på delvis ledige kraftig frå 14 583 til 9 479 sidan juni. Dette gjeld innan alle bransjar og som venta ser me sterk nedgang innan butikkarbeid med -738 personar, reiseliv og transport -669 personar, men gledeleg også for industri og bygg og anlegg med høvesvis -533 og -397.

– Som me ser på landsnivå mellom fylka, har me store skilnadar mellom kommunane våre i arbeidsløyseprosent. Bergen har framleis godt over halvparten av alle ledige i fylket noko som utgjer 5,6 prosent av arbeidsstyrken berre «slått» av Stord med 5,9 prosent. I den andre enden finn me Gulen med 1,2 prosent og Vik med 1,4 prosent. Heile 15 kommunar har 3 prosent eller lågare arbeidsløyse i fylket vårt, fortel Hysing-Olsen.

Stillingstilgangen i juli er opp med 7 prosent samanlikna med juli i fjor. Det vart utlyst 2.719 stillingar. Flest innan butikk og salsarbeid (629), helse/pleie/omsorg (433) og bygg og anlegg (318). Dette er godt nytt for alle dei som framleis er heilt eller delvis utan arbeid i fylket, men det er sjølvsagt skarp konkurranse om jobbane når så mange med erfaring og kompetanse er ledige.

Talet på personar som har vore ledige over 26 veker utgjer no 4.963 personar, ein auke på 669 frå juni. Dette er ikkje uventa ettersom mange av dei som var ledige før krisa ikkje har kome i arbeid att og såleis får me stadig fleire langtidsledige.

– Dette er ei utvikling som me følgjer nøye og vil prioritera innsats på framover, seier Hysing-Olsen.

– Utsiktene framover er usikre. Det vil ta tid å erstatte tap av arbeidsplassar som følgje konkursar og nedskjeringar, sjølv om konsekvensane av pandemien vonleg vert mindre utover hausten. Om det ikkje kjem alvorlege tilbakeslag ventar me at stoda i fylket vil utvikla seg positivt fram mot årsskiftet. Vår beste spådom for neste år er at bruttoarbeidsløysa i gjennomsnitt, vil vera rundt ein tredjedel av kva den har vore på det høgaste under koronakrisen og nesten tilbake til situasjonen før krisa mot slutten av 2021, avsluttar Hysing-Olsen.

Artikkeltags