Gå til sidens hovedinnhold

Mange på vegen med dårlege dekk

Sjåførane må punga ut.

Fire vogntog har fått gebyr for å ha køyrt med under lovleg minimum mønsterdjupn. Sjåførane har fått gebyr for dette.

Kontrollørane på Håbakken trafikkstasjon i Lærdal har også hatt fleire sjåførar innom som fekk åtvaring for brot på bestemmingane og køyre- og kviletid. Ein førar blei meld til politiet for brot på desse bestemmingane. Førar fekk pålegg om å gjennomføre ein vekekvile før vidare køyring.

Ein anna førar av vogntog fekk bruksforbod inntil siktsona i frontruta var rydda. Føraren nytta heller ikkje bilbelte på korrekt måte, og fekk gebyr for dette.

Ein varebil med tilhengjar med samla tillat totalvekt over 3500 kilo dreiv godstransport utan å ha montert fartsskrivarar i trekkbilen. Her vart transportføretaket meld til politiet og fekk køyreforbod.

Eitt vogntog fekk skriftleg mangel for utslitne bremseskiver på semitralle.

Kommentarer til denne saken