Mange nordmenn utsette for utpressing på SMS i helga
Artikkelen er over 1 år gammel
I løpet av helga har eit hundretals nordmenn motteke ein personleg SMS om at seksualisert innhald om dei er på avvege, opplyser Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) i ei pressemelding.
Utpressingsforsøket er profesjonelt utført, og kan vera skremmande for mange å motta.
Utpressingsforsøket startar med ein SMS der både fornamnet, postnummeret og poststaden til mottakeren er nemnt. SMSane er sende fra ulike norske mobilnummer, men eigarane av desse numra er sjølv råka av svindelen, og står ikkje bak utsendinga. Avsendarnummeret er forfalska av svindlarane, såkalt spoofing.
NorSIS seier at spesielt barn og unge som mottek denne forma for truslar må vera klar over at dette er svindel, og at det ikkje fins noko video av at dei ser på porno. Det er difor ikkje flaut eller farleg å søkja hjelp hos føresette eller andre vaksne.
NorSIS åtvarar mot ein ny og avansert versjon av pornoutpressing.