Mange bedrifter fryktar konkurs

Kvar tredje bedrift fryktar konkurs om Korona-situasjonen vare lenge.

DEL

Det viser resultatet av ei spørjeundersøking som som Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland og Sogn og Fjordane Næringsråd har sendt ut til bedriftene i Vestland fylke.

Sogn og Fjordane Næringsråd skriv i ei pressemelding at om lag 450 bedrifter har svara på undersøkinga, av desse er om lag 50 frå Sogn og Fjordane.

Snudd opp ned

«Dei siste dagane har vore ei kraftig og skremmande blanding av sjokk, vantru, håp og tvil. I første omgang har det vore dei helsemessige konsekvensane av koronaviruset som har vore i fokus, men det tok ikkje lenge før dei dramatiske konsekvensane for næringslivet har velta innover oss. For bedriftseigarane, leiinga ved bedriftene og tilsette har alt blitt snudd opp ned. Det er ikkje meir enn ein månads tid sidan vi kunne presentera ei tilsvarande undersøking med stor optimisme og framtidstru. No er det konsekvensane som følgje av koronaepidemien med inntektssvikt og permitteringar ein har fokus på», skriv næringsrådet i pressemeldinga.

Dramatisk

Svara viser at 76 prosent av bedriftene opplever reduserte inntekter, og ni av ti bedrifter melder om kritiske konsekvensar allereie no eller dersom situasjonen varer over tid. Åtte av ti har gjennomført eller kjem til å gjennomføra permitteringar, og kvar femte svarar at dei står i fare for å gå konkurs om situasjonen held fram i lenger tid.

«Sogn og Fjordane Næringsråd har brukt det kontaktnettet ein har for å bringa vidare dei enorme konsekvensane koronaepidemien har for næringslivet og våre medlemar i Sogn og Fjordane. Det skal me også gjera med full styrke også framover. Opp i det heile er det svært gledeleg å sjå at Storting og regjering jobbar på spreng for å redusera både dei kortsiktige og langsiktige konsekvensane for næringslivet og det kjem nye og forbetra ordningar nesten frå dag til dag. Det er det er heilt nødvendig å gjera, for i denne situasjonen treng vi ein aktiv stat. Det er også gledeleg å sjå at absolutt alle ønskjer å delta i den dugnaden som må til. Det er eit felles ansvar om me skal koma gjennom dette, både med minst mogleg skade på liv og helse og at me har eit næringsliv som overlever gjennom den vanskelegaste perioden landet vårt har stått over for i fredstid», skriv Sogn og Fjordane Næringsråd.

Artikkeltags