Mange arrangement må avlysast – no får dei støtte

VIL HALDA HJULA I GANG: Fylkesordføraren Jon Askeland, (t.h.) har bestilt ei sak frå rådmann Rune Haugsdal om kva tiltak Vestland kan bidra med for å halda hjula i gang for flest mogleg i ein koronasituasjon. Saka skal til behandling i fylkesutvalet 26. mars.

VIL HALDA HJULA I GANG: Fylkesordføraren Jon Askeland, (t.h.) har bestilt ei sak frå rådmann Rune Haugsdal om kva tiltak Vestland kan bidra med for å halda hjula i gang for flest mogleg i ein koronasituasjon. Saka skal til behandling i fylkesutvalet 26. mars. Foto:

Fylkeskommunen betalar ut full støtte til kulturarrangement som får stønad frå fylkeskommunen, sjølv om dei må avlysa på grunn av koronasituasjonen.

DEL

Dette er viktig for å sikra forutsigbarheit for aktørane i kulturlivet i denne vanskelege tida, skriv fylkeskommunen i eit nyhendevarsel.

– Vårt viktigaste bidrag i den nasjonale dugnaden er no å gjera det me kan for å sikra livsgrunnlaget for enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.

Stønad trass avlysingar

Fylkesutvalet skal torsdag 26. mars drøfta kva tiltak Vestland kan bidra med for å halda hjula i gang for flest mogleg i denne situasjonen. Saka femner alle område der fylkeskommunen kan bidra. Fylkesordføraren er også i tett kontakt med LO og NHO for å drøfte løysingar. Eit grep er altså stønad til avlyste kulturarrangement.

Vedlikehald

Men Askeland ser fleire tiltak som kan setjast i verk på kort varsel.

– Opprustings- og vedlikehaldsprosjekt på bygningsmassen vår er til dømes eitt grep som vil kunne gje aktivitet for entreprenørar og handverkarar i alle delar av fylket. Vidare har me ein del planlagde arbeid på fylkesvegnettet, som vil vera verdfulle for anleggsbedrifter. Det er difor naturleg at me i denne situasjonen legg til rette for tidlegare oppstart av desse arbeida så tidleg som råd.

Reiselivsnæringa

Fylkesordføraren ser at det er nokre område, der strakstiltak vil ha avgrensa effekt.

– Samstundes er det andre område der det er vanskeleg å ta grep som gjev rask effekt, slik som til dømes innan reiseliv, der det kan ta lang tid å koma i gang att etter ein slik periode med avbestillingar og reiserestriksjonar. Fylkeskommunen vil ha tett dialog med bransjen, for å få opp att drifta

Artikkeltags