Han scora i finalen mot Brasil då Serbia vann U20-VM, men opphaldet i Sogndal vart ingen stor suksses. No er Stanisa Mandic (24) klar for slovensk toppserieklubb.

Mandic ferdig i Sogndal - klar for slovensk toppserieklubb

Stanisa Mandic (24) har spelt sin siste kamp for Sogndal og er no klar for Mura.

Publisert 09.01.2020 kl. 14.30.

24-åringen vart henta til Sogndal, først på lån i august 2017 frå serbiske Cukaricki. Avtalen vart gjort permanent sommaren 2018, då den montenegriske angriparen signerte på ein treårskontrakt. Men Mandic slo aldri heilt til i saftbygda, og i 2019-sesongen var han på utlån til den bosniske klubben Zrinjski Mostar.


No har vingen skrive under på ein treårsavtale med Mura som spelar i den slovenske toppserien. Der toppar Olimpija Ljubliane tabellen, medan Mura ligg på 5. plass etter 20. serierundar. 


Mandic var ein del av Serbia sitt U20-landslag, som i 2015 vann VM. Mandic scora då også i finalen mot Brasil. Mandic, som blei født i Montenegro, bestemte seg seinare for å spela for det montenegriske landslaget. Han står so langt bokført med fire kampar for Montenegro.