Det vil bli kolonnekøyring frå 17.00 - 18.00 i begge retningar, og heilt stengd tunnel frå klokka 18.00 - 20.00. Det vil bli brukt røyk under øvinga, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det er naudetatar og VTS (Vegtrafikksentralen) som skal øva i tunnelen.

– Me har forståing for at stengd tunnel på ei strekning utan lokal omkøyringsveg kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at me gjer det nettopp for dei. Ei slik stenging er naudsynt i ein kort periode slik at me kan få øvd dersom ei hending skulle inntreffa. Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for sikkerheitsgodkjenning av tunnelen at me skal halda slike øvingar, seier brannvernleiar Svein Rune Vie i Statens vegvesen.

Vegvesenet oppmodar trafikantar til å sjekka 175.no før dei skal på køyretur.

Rv. 5 Kjøsnestunnelen er heilt ny, og vart opna for trafikk for dryge to veker sidan, 9. november. Tunnelen er 8600 meter lang og ligg på strekninga Skei -Sogndal.