Det meiner i alle fall forsikringsselskapet Tryg Forsikring, som ventar tusenvis av bil- og bulkeskader neste veke.
Då startar salet Black Week, med fredagen Black Friday som ein av dei viktigaste dagane.
– Får me ein tilnærma normal Black Week som for to år sidan vil det seia i underkant av 10.000 bilskadar til ein kostnad på over 200 millionar kroner, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring.
Usikkert i år
I år er det usikkert kor mange som vil oppsøkja butikkar fysisk no som er det høg smitte, skriv selskapet i ei pressemelding.
I 2020, då det var ein del koronarestriksjonar, registrerte Finans Norge 5.521 bulkeskader under Black Week, medan det året før var 9.608 skader til ein kostnad av 216 millionar kroner. På Black Friday var talet skader halvert i fjor i høve til året før.
– Black Friday har tradisjonelt vore ein bulkedag med hundrevis av parkeringsskadar og stressulukker. Trass i at det blir meldt om litt lågare del fysiske butikkar som skal gjennomføra salet i år, må me forventa mykje biltrafikk, spesielt til og frå dei store kjøpesentera, seier Brandeggen.
Fjoråret meiner han var eit unntaksår, og trur talet bilskadar nærmar seg 2.000 i år, med kostnader på kring 40 millionar.
Aukande trafikk
Så langt i år har Tryg Forsikring hatt ein auke i talet bilskadar på ni prosent.
Hovudårsaka er truleg fleire bilar på vegane i år enn i fjor.
– No er det langt mindre heimekontor, og mange brukar i tillegg bilen mykje meir enn vanleg, blant anna for å unngå smittefare ved kollektivtransport. Men me nærmar oss ein normaltilstand også i trafikken, seier Brandeggen.