- Det er skuffande at fleirtalet i næringskomiteen ikkje vil vera med på å slå fast at offentlege anbod skal følgja mållova. Likevel er det bra at SV, Senterpartiet og Arbeidarpartiet vil sikra at anbod skal presisera språkkrav, så varer og tenester fungerer slik at ingen vert språkleg diskriminerte, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Torsdag kom innstillinga frå næringskomiteen på Stortinget til stortingsmeldinga «Smartere innkjøp - effektive og profesjonelle offentlige anskaffelser».14. mai var Noregs Mållag på høyringa i komiteen for å få gjennomslag for at anbodspolitikken bør nyttast for å utøva språkpolitikk. Det gjeld både omsynet til nynorsk og til norsk andsynes engelsk.- At fleirtalet heller ikkje vil vera med på å stilla krav om språkleg tilgang og kvalitet i regelverket for offentlege innkjøp, i tråd med forslaget frå Språkrådets framtidsutval, er òg defensivt frå regjeringspartia, meiner Magne Aasbrenn.