– Dette er utruleg kjekt! Med eit rekordstort Noregs Mållag i ryggen ligg alt til rette for viktige gjennomslag for nynorsken i åra som kjem, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Allereie i august passerte Noregs Mållag fjorårets rekordår med 14.104 betalande medlemer, og no har organisasjonen altså runda 15.000. Det er det høgste medlemstalet organisasjonen har hatt sidan 1987, skriv mållaget i ei pressemelding.

I løpet av valkampen melde femten hundre nye medlemer seg inn i Mållaget som ein reaksjon på Framstegspartiet sin ungdomsorganisasjon, FpU, sitt åtak på nynorsken, men mållagsleiaren konstaterer at organisasjonen også veks jamt gjennom året – og i heile landet.

Lofnes Hauge ser med optimisme på framtida for språket, med ei ny språklov som lovfestar det offentlege sitt ansvar for å fremja nynorsken.