Magdalena er robottrenar på heimekontor i Balestrand og ein av 35 ved Nav i Leikanger som hjelper permitterte

Ho er ein av seks medarbeidarar som har ansvaret for at Frida, Nav sin samtalerobot, blir i stand til å gje relevante svar på spurnadene som no strøymer inn frå heile landet til Nav sitt Kontaktsenter i Leikanger.