Det skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i den vekevise statusoppdateringa si onsdag.

Magasina er likevel eit godt stykke under medianverdien for dei siste 20 åra, der fyllingsgrada har vore 39,5 prosent på tilsvarande tidspunkt.

I førre veke var det Nord-Noreg som hadde den høgaste magasinfyllinga, med 37 prosent. Vest-Noreg hadde på si side den lågaste, med 13,3 prosent.

Kraftprisane auka i heile Norden, noko som delvis blir tilskrive lågare vindkraftproduksjon og auka forbruk. Vekeprisen for Sør-Noreg var 176 øre per kWh, medan prisane i Nord- og Midt-Noreg var på høvesvis 12,4 og 14,6 øre per kWh – dei lågaste i Norden.

Noreg auka eksporten av kraft betydeleg førre veke, noko som blir tilskrive periodar med lite vind og auka kraftprisar på kontinentet. Noreg gjekk frå ein nettoimport på 69 GWh i veke 19 til ein nettoeksport på 238 GWh i veke 20.

– Vedvarande uro i energimarknadene bidreg til store variasjonar og stor uvisse rundt både kraftprisane og brenselprisane for tida. Russlands invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan gi store utslag på prisane i energimarknadene framover, skriv NVE.