Gå til sidens hovedinnhold

Må vera førebudde på framleis strenge koronatiltak

Helseminister Bent Høie (H) seier at dei strenge smitteverntiltaka kan ha hatt effekt på smitten, men folk må førebu seg på at tiltaka held fram til veka.

– Smitten ligg på eit nivå der risikoen for nye utbrot framleis er høg, sa helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen onsdag.

Han viste til den alvorlege situasjonen i mange andre land i Europa, der både smittetal og dødstal når stadig nye dystre rekordar. Landa fryktar òg at det blir endå verre i vekene som kjem.

– Me må hindra at me kjem i den same situasjonen. Me veit lite om kor mykje kvart enkelt tiltak verkar isolert sett, og me må vurdera tiltaka samla, ikkje kvar for seg, sa Høie, som sa folk må førebu seg på at dei strenge tiltaka held òg fram utover tysdag neste veke.

Tiltaka vart innførte 4. januar og varer til og med tysdag 19. januar. Nye tiltak er venta måndag når statsminister Erna Solberg skal gjera greie for dei i Stortinget.

Mål om testing straks

Blant dei gjeldande tiltaka er at reisande som kjem til Noreg, må testa seg for korona innan 24 timar etter grensepasseringa. Men ikkje alle har overhalde det.

Regjeringa har difor som mål at det skal bli obligatorisk med koronatest på grenseovergangen, opplyste justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

– Kommunane har fått om lag 320 millionar kroner til å driva kontrollverksemd. Eg oppmodar kommunane til å ta stikkprøver for å sjekka om innreisande faktisk har teke koronatest. Dei som ikkje lèt seg teste innan 24 timar, risikerer saftige bøter, sa ho.

Opprettar telefonsenter

Regjeringa opprettar eit nasjonalt telefonsenter for å hjelpa kommunane med å følgja opp alle reisande inn til landet.

– Senteret skal meistre fleire språk og skal letta arbeidet til kommunane med å redusera importsmitte og hindra spreiing av mutert virus, sa ho.

Helsedirektoratet har fått oppdraget med å etablera senteret, som er berekna til å koste 8,5 millionar kroner i veka.

Ingen planar om portforbod

Førre veke sende regjeringa eit lovforslag om portforbod på høyring, noko som skapte stor debatt.

Mæland gjentok at det ikkje er aktuelt å innføra portforbod per no. Høyringsfristen er på tre veker.

– Det er heller ikkje gitt at me sender lovforslaget til Stortinget, men det er viktig at me er førebudde, og at me greier ut verktøy som kan måtte bli brukt i kampen mot pandemien, sa Mæland.

Vaksinelageret blir bygd opp

Helseminister Høie informerte om at det neste veke ikkje lenger vil vera behov for å spara vaksinedosar når fleire får den andre dosen sin av koronavaksinen.

– Neste veke har me bygd opp det lageret me treng. Frå då treng me ikkje å halda av ytterlegare dosar. Då byrjar me òg å setja dose nummer to på dei som allereie har vorte vaksinert. Det betyr fleire dosar til kommunane dei neste vekene, sa Høie.

Beredskapslageret vil i utgangspunktet innehalda 60.000 dosar.

Kommentarer til denne saken