Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, seier arbeidsløysa i Vestland no er så låg at ein må ta i bruk fleire verkemiddel for å dekka behovet for arbeidskraft.

– Me snakkar stadig om inkludering av dei som står utanfor arbeidslivet, men eg vil også slå eit slag for dei som allereie er i jobb. Viss arbeidsgivarar legg betre til rette for at fleire kan jobba lenger, kan me dekka store deler av behovet for arbeidskraft, seier Bogsnes i ei pressemelding.

Mange når snart pensjonsalder

Innan fem år kjem 35.000 arbeidstakarar til å passera det som er gjennomsnittleg pensjonsalder i næringa dei jobbar i.

– Arbeidsgivarar som er flinke til å førebyggja og leggja til rette kan behalda arbeidskrafta lenger. Det gjeld til dømes tilsette som er sjukmeldte og står i fare for å falla ut av arbeidslivet, og dei som vurderer å gå av med pensjon, legg ho til.

NAV ventar at arbeidsløysa vil auka litt gjennom hausten, men førebels er det lite som tydar på at marknaden er i ferd med å snu. Det er framleis få permitteringar og oppseiingar, sjølv om det har vore ein liten auke dei to seinaste vekene.

Flest ledige stillingar innan helse

Talet på ledige jobbar ligg framleis høgt, med over 4.700 utlyste stillingar i september. Det er flest ledige stillingar i helse, pleie og omsorg (1218), bygg og anlegg (494) og butikk- og salsarbeid (424).

I Vestland er det høgast arbeidsløyse i Hyllestad (3,0 prosent) og Ulvik (2,4 prosent). 17 av dei 43 kommunane i fylket har 1 prosent arbeidsløyse eller mindre.

Arbeidsløysa i heile Noreg ligg totalt på 1,6 prosent.