– Me har ti sjuke spelarar, seier Tone Bakke, nestleiar i styret for klubben.
Ho seier stallen er sterkt svekt grunna virus og korona.
Hadde håp
– Det er ikkje vanleg slikt skjer. På trening torsdag var mange sjuke og fredag var det endå fleire. Nokre har hangla nokre dagar og vore heime frå skule og studiar. Me hadde eit håp om at dei som var sjuke blei klar til kamp, men i staden blei fleire sjuke.
Klubben avgjer ikkje sjølv om sjukdom skal stoppa ein kamp. Det gjer Noregs Fotballforbund (NFF).
Krevjande framover
– Me må senda sjukmelding frå lege til NFF og så bestemmer dei ut frå sitt regelverk. Med ti sjuke, stod me att med 12 friske spelarar, av dei to keeperar. Me har kamp att på onsdag. Om spelarane er i miljøet no og pressar seg, ville me ha slite framover, meiner Bakke.
– Det er veldig kjedeleg at me ikkje får spela denne kampen. Molde er eit av topplaga i divisjonen og me hadde litt å revansjera frå treningskampen før seriestart, seier Bakke.
Beklagar til Molde
Molde var på veg til Sogn då laget fekk beskjed om at kampen mest truleg vart utsett.
– Me beklaga sjølvsagt overfor dei og andre som hadde gledd seg til kamp. Me hadde verkeleg gledd oss til å spela mot ein av favorittane i avdelinga, seier Bakke.
NFF set opp ny kampdato, men den er ikkje klar enno.